Vektartenester

SAFE24 har høg kompetanse og lang erfaring med tenester som ordensvakter, mobilt vakthald, stasjonært vakthald og kontrolltenester. Treng du vektarar til eit arrangement, eller vil du at vi skal sjekke om næringsbygget ditt er låst om kvelden?

MOBILVAKT_HØGSKULE_2

Ved å inngå avtale om mobilt vakthald med SAFE24 kan våre vektarar utføre ulike typar kontrolltenester for deg eller bedrifta, alle dagar i året.

Vi tilbyr stasjonære vakthaldstenester, der ein eller fleire vektarar er stasjonert på eit objekt for å drive vakthald.

Ordensvakter bidreg til trivsel og tryggleik for dei besøkjande. Arrangørane kan overlate sikkerheitsarbeidet til erfarne fagfolk, som er med på å sikre at arrangementa går som planlagt.

SAFE24 kan utføre ulike typar kontrolltenester som butikkontroll, skjenkekontroll og billettkontroll, og vi tek oss av oppgåvene som kan vere ubehageleg for bedriftseigarar å utføre sjølv.