Adgangskontroll

Ved å bruke adgangskontroll frå SAFE24 får du eit sikkert og effektivt system som er tilpassa og skreddarsydd for ditt eller bedrifta sitt behov.

Adgangskontroll er eit felles omgrep for automatiserte system, som har sin hensikt med å kontrollere individar sin tilgang på avgrensa område. Ofte skjer tilgangen ved at personar identifiserer seg med eit adgangskort, i tillegg til ei personleg kode.

Dette kan hjelpe betydeleg på å effektivisere drifta. Adgangskontroll kan passe på ein rekke typar bygg, inkludert kontorbygg, hotell, flyplassar, hamneterminalar, burettslag, portar og bommar, samt enklare typar adgangskontrollar til bustadmarknaden.

Det er viktig at alle delane fungerer godt saman for å få eit godt sikkerheitssystem. Vi har kompetansen for å kunne montere velfungerande integrerte system. Brukaren får full kontroll ved loggføring.

Systemet kan også enkelt oppdaterast ved bruk av web- og PC-verktøy. Programvara er enkel og funksjonell for brukarane som skal administrere systemet.

SAFE24 sine løysingar innan adgangskontroll kan mellom anna koplast saman med eit alarmsystem, og vi leverer også adgangskort, brikker og kodesystem til anlegget.