Om oss

SAFE24 er ein totalleverandør av trafikkdirigering, sikkerheit- og vektartenester for næringslivet og privatmarknaden.

Historie

Bedrifta blei starta i 1997 under namnet Objektsikring. I 2013 fekk bedrifta nye eigarar, André Følsvik og Finn Litsheim.

I 2015 blei namnet endra til SAFE24 og eigarane har sidan dette søkt etter ein meir sjølvstendig plattform å bygge bedrifta vidare på. Same året blei SAFE24 godkjent som lærebedrift, og vi har hatt inne lærlingar kvart år sidan dette med gode skottsmål.

Bedrifta har mange lokale bedrifter, offentlege institusjonar, frivillige organisasjonar, lokale arrangement og privatpersonar som kundar.

Sidan oppstarten har bedrifta hatt ei god utvikling, både av omfang og tenester vi tilbyr. Dei siste åra har SAFE24 hatt god vekst og ekspandert i både talet på tilsette, kundegrunnlaget, arbeidsomfanget og nedslagsområde.

Hovudkontoret til SAFE24 ligg i Volda kommune på Sunnmøre.

Bedrifta sine mål og tenester

Tilgjengelegheit og rask respons til våre kundar har høg prioritet i SAFE24. Framover har bedrifta som mål å oppnå organisk vekst, samt å tilby eit stort sortiment innan produkt gjennom våre leverandørar og eigne tenester.

Vi er inne i ein vekstfase, med ekstra stort fokus på tenester innan trafikkdirigering, tekniske tenester og vektartenester. Vidare held vi fram med levering av alarmar og brannsikringsanlegg, samt kursing og opplæring.

SAFE24 held fram med å satse sterkt på vår kjerneverksemd, då vi har mange fornøgde kundar med eit stort behov for våre tenester.