Stasjonært vakthald

Vi tilbyr stasjonære vakthaldstenester, der ein eller fleire vektarar er stasjonert på eit objekt for å drive vakthald.

Eksempel på stasjonære vakthaldstenester kan vere sentervakthald, adgangskontroll, hamnevakthald, butikkvakthald, resepsjonsteneste med meir.

Ved sentervakthald patruljerer vektarane i butikklokale og fellesareal, som er førebyggande arbeid for å hindre tjuveri og svinn.

Ein vektar passar også på generell ro og orden, tekniske installasjonar som brannalarmar, heis og gass, samt generelle vaktmeistertenester om dette er eit ønskje.