Alarm og beredskap

SAFE24 har beredskap 24 timar i døgnet – alle dagar i året. Våre vektarar er difor alltid klare til å rykkje ut, og for å kunne behandle eventuelle hendingar. I tillegg til alarmutrykking, kan kundar også avtale andre utrykkingstenester.

Alarmstasjonen til SAFE24 er ein toppmoderne døgnbemanna alarmstasjon som responderer raskt på kontraktsfesta prosedyrar.

Personalet ved alarmstasjonen har leiande operatørkompetanse og kan bistå ved vanskelege situasjonar, samt bistå kundane med rådgjeving og support. Alarmoperatørane kan også hjelpe med sporing, og å finne igjen alle typar objekt.

Alarmstasjonen, som har FG-godkjenning, tek imot alle signal frå videoovervakingsanlegg, brannalarmar, innbrotsalarmar, heisalarmar, ransalarmar og andre ulike typar alarmar.

Alarmsignal frå mellom anna bedrifter, institusjonar, private heimar, personar og mobile einingar kan behandlast av alarmstasjonen.

Ved utløyst alarm rykkjer våre vektarar ut for å kontrollere åstaden. Ved eventuelle avvik vil kundar kunne bli kontakta, og etter ei utrykking vil alltid vektaren skrive ein utfyllande rapport om kva som har skjedd.

Dette gjer at du kan føle deg trygg på at nokon passar på, samtidig som at du blir informert om kva som har skjedd. Vår beredskapsteneste gjer difor kvardagen tryggare for privatpersonar og bedrifter.

Velferdsteknologi er noko som stadig blir viktigare i samfunnet, og vår alarmstasjon er langt framme når det kjem til å tilby tenester innanfor dette segmentet.

Mange sikkerheitsløysingar er i utvikling innanfor velferdsteknologi og alarmstasjonen vil framover også kunne tilby assistanse frå helsepersonell ved utløyste alarmar. Dette vil kunne bidra til at ein kjenner betre tryggleik for seniorar som bur heime.