Trafikkdirigering

SAFE24 har erfarne trafikkdirigentar som raskt kan rykkje ut for å dirigere i alle typar situasjonar, i alt frå uventa hendingar til store vegvedlikehaldsprosjekt.

I trafikken er det alltid viktig å ha eit godt overblikk over situasjonar. Ved trafikkdirigering hjelper dirigentane med å få god og sikker trafikkflyt, samtidig som tryggleiken til våre kundar, entreprenørar, dirigentar og bilistar vert vareteke.

SAFE24 tilbyr manuell trafikkdirigering ved mellom anna tunnelarbeid, fjellsikring, bruvedlikehald, elektroarbeid langs veg, trefelling, kantklipping, fresing og asfaltering med meir.

Vi har ein moderne utstyrs- og bilpark, samt 10 godkjente leiebilar. Dette gjer at vi til ein kvar tid raskt kan rykkje ut til uventa hendingar som ulukker eller situasjonar som kan oppstå grunna vêr og vind, eller til store vegvedlikehaldsprosjekt som krev ekstra god planlegging og risikovurdering.

SAFE24 sine trafikkdirigentar er operative døgnet rundt, heile året.