Brannsikring

Det setjast stadig høgare krav til brannvern i bustadar og næringsbygg. Aukande bruk av teknologi fører til nye risikomoment, og det krev eit større fokus på brannvern enn tidlegare. Det kan SAFE24 hjelpe deg med.

Vi leverer toppmoderne brannalarmutstyr til bedrifter og private bustadar. Vi har montert og drifta brannalarmar i ei årrekke, og systemet er svært driftssikkert og påliteleg.

Regelverket TEK10 § 11-12 seier at brannalarmanlegg skal ha overføring til naudalarmeringssentral, alarmstasjon, vaktselskap eller ein stad lokalt i byggverket som har ansvaret for å setje i verk aksjon i samsvar med alarmorganisering. Dette er viktig for å oppfylle dei offentlege krava til brannalarmanlegg.

Ved utløyste brannalarmar rykkjer våre erfarne vektarar ut til kunden for å kontrollere om det brenn. Om mogleg vil våre kursa vektarar setje i verk skadeførebygging, og brannvesenet vil bli tilkalla. Vektaren kan også vere ein viktig person for å kontrollerer og dirigere folk som skulle vere til stades til tryggleik.

Det er også mogleg å avtale at brannvesenet skal rykkje ut direkte om brannalarmen går. Dette vil medføre eventuelle utrykkingsutgifter frå brannvesenet.

SAFE24 tilbyr elles ulike brannvernsprodukt av høg kvalitet, som kan vere avgjerande om det byrjar å brenne. Vi kan også installere ulike typar brannutstyr, samt skilte opp bygg for å markere rømmingsvegar.