Kontrolltenester

SAFE24 kan utføre ulike typar kontrolltenester som butikkontroll, skjenkekontroll og billettkontroll, og vi tek oss av oppgåvene som kan vere ubehageleg for bedriftseigarar å utføre sjølv.

Butikkontroll

Denne typen kontrollar utfører vi både uniformert og sivilt, og dette kan vere med på å førebygge mot tjuveri og svinn.

Omfang, tidspunkt og framgangsmåte vert avtalt på førehand, og ved kriminell aktivitet set vektaren i gang med utfyllande instruks der vektaren kan halde igjen dei som utførar lovbrotet, for så å kontakte politiet.

Tilsette kan også bli kontrollert mot slutten av arbeidsdagen for å forhindre vidaresal, og at tilsette tek med seg utbetalte varar heim. Dette kan utførast av ein sivil vektar som tek stikkprøver på alle tilsette som forlèt arbeidsplassen.

Skjenkekontroll

Vi kan utføre skjenkekontroll for å kontrollere at lovverket blir overheldt. Vi kan også tilby kurs og rådgjeving til skjenkestadar som ønskjer meir informasjon om korleis utestadar kan imøtekome lovverket på best mogleg måte.

Billettkontroll

Vi kan utføre billettkontrollar på alle typar arrangement. Vi kan også kontrollere billettar på alle typar passasjertransportar.