Kameraovervaking

Ved å installere kameraovervaking oppnår ein først og fremst ein god preventiv effekt, samtidig som ein får god dokumentasjon om innbrot eller hærverk skulle oppstå.

SAFE24 har lang erfaring med prosjektering og installasjon av TV-overvakingsanlegg.

Vårt TV-overvakingsanlegg overvakar ditt bygg eller område døgnet rundt, og ein får bilete av høg kvalitet både dag og natt ved bruk av IR-sensor.

Ved montering blir anlegget testa og kontrollert for feil, slik at du oppnår eit anlegg som fungerer optimalt. Vi merkar også opp området med skilt og oblat slik at ein oppnår ein preventiv effekt.

Med TV-overvakingsanlegget følgjer med ei programvare som du kan installere på telefon, PC, nettbrett eller liknande og har enkel tilgang til same kvar du er.

SAFE24 sørgjer for godkjenning med Datatilsynet.

Vi tilbyr også årleg serviceavtale, som inneber fysisk kontroll av anlegget, innstillingar av kamera og utsnitt, oppdatering av programvare, samt kontroll av alle godkjenningar på anlegget.